Brudevoll Gard ligg midt i dei ville og vakre Sunnmørsalpane. Området er kjent for flotte toppturar både sommar og vinter, men byr også på idylliske dalar, setervegar og kortare turar som passar for dei mindre vågale.
Du kan også ta ein fisketur eller utforske øyane utanfor Ørsta med ein av motorbåtane våre. Vi har også syklar til leige, og mange gode tips til utflukter.
Vil du oppleve den flotte naturen på Sunnmøre, men er litt redd for å dra åleine? Fjellføreren tek tryggleiken på alvor. Vi garanterer trygge og flotte fjell-, fjord- og kystopplevelsar, som du vil hugse resten av livet.
Fjell - Fjord - Kyst - Grotter - Lundefuglsafari - Kajakk - m.m.
Fjella kring Hjørundfjorden er det perfekte området for toppturar. Her finn du mange av dei villaste fjelltoppane i Noreg. Dette gir det perfekte utgangspunkt for toppturar både sommar og vinter. Vi tek på oss guiding på mange av dei mest kjende fjella på Sunnmøre både sommar og vinter. Vi skreddarsyr turar til deg. Alt frå overnatting, til mat og turopplegg.