Norsk
Deutsch
English

Opplev Sunnmøre

Opplev Sunnmøre

Opplev Sunnmøre

Opplev Sunnmøre

Spør oss om fine plassar for ein picnic!

Fiske

Det er fritt for alle å fiske med stang fra land, og Brudevoll Gard har to båtar til leige. Vi kan også hjelpe med fiskeutstyr og redningsvestar. Området har mange fine fjellvatn der ein kan få ørret, og fleire lakseelver. (Fiskekort nødvendig).
Brudevoll Gard har fiskerett i Ørstaelva 15. juni til 31. juli. Ta kontakt for reservasjon.

Hesteriding

Gjestar på Brudevoll Gard kan få bruke fjordingen vår til riding og køyring med vogn. Dei som er van med hest kan få låne han på tur, og vi hjelper dei som har behov for det.

Badeplassar

Prøv den idylliske badeplassen i elva like ved garden vår, eller hopp i havet frå naustet vårt ved Ørstafjorden. Det er fine badeplassar i ferskvatn ved Vatnevatnet og Rotevatnet, få minutt unna med bil.
Om ein tek turen til øyane utanfor Ørsta, er det fleire fine sandstrender ved havet, som til dømes Roppesanden på Flø, Osnessanden i Ulsteinvik og Overåsanden på Hareid. Vil du helst bade i basseng, kan du ta turen til Sunnmørsbadet i Fosnavåg, eller det flotte spahotellet Alexandra i Loen.

Shopping

Ørsta sentrum har det aller meste ein treng, og eit innhaldsrikt kjøpesenter. Nabobyen Ulsteinvik har også mange fine butikkar, og om ein tek ferga over til Ålesund finn ein eit av Noregs største shoppingsenter på Moa.
Devoldfabrikken i Langevåg er også verdt eit besøk. Her finn ein outlet for sport og fritidsklær, spennande interiør- og gaveartiklar, kunst og handverk, og ein koseleg kafe.
Sjekk også ut lokale kunst- og handverksvarer av høg kvalitet på Nilsbuda på Sæbø.

Kafear

Ørsta og omland har mange koselege kafear og spisestadar, og om ein tek seg ein tur til Ålesund finn ein fleire restaurantar av høg klasse. Her er nokre av våre lokale favorittar:
Fugl Fønix - populær kaffibar og pub med matservering.
Hotel Ivar Aasen - hotell i Ørsta sentrum med à la carte restaurant.
Rekkedal Gjestehus - tradisjonsrikt gamalt tun med selskapslokaler og overnatting.
Josybuda - koseleg kafè med tradisjonsmat i ein restaurert fjøs.

Spør oss gjerne om fleire tips!

Familieutflukter

Området vårt er kjent for toppturar og ekstremsport, men her er mange fine turar og aktivitetar for familiar, eller andre som likar eit roleg tempo. Spør oss om passande turmål i nærområdet, eller tips til kva ein kan gjere på om veret ikkje er det beste. Her er nokre gode forslag:

* Dagstur til Ålesund med besøk på Atlanterhavsparken, Jugendstilsenteret, og trappene til utkikspunktet Aksla.
* Dagstur til ytre strøk med ei roleg vandring til fuglefjellet på Runde, og besøk på Sunnmørsbadet i Fosnavåg.
* Besøk den familievennlege Hakallegarden i Vanylven. Her kan du bli betre kjent med kattungar, hestar, alpakka og mange andre trivlege skapningar. Ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe spennade handverksprodukt og meir.
* Ta turen til Nordfjord og Stryn, sjå Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen. Ta Loen Skylift, eller kos deg i det flotte badeanlegget og spa'et på Alexandra Hotell.