
Frå 1.januar 2011 har Eva og Børge Bornstein tatt over drifta av hyttene. Du finn oss i det brune huset med torvtak og villmarks kledning oppom vegen.
Adr. for forespørsel og bestilling av hyttene er som før:
e.bornstein@c2i.net
Tlf.nr. 70067105
Brudevoll Gard ligg i vest-Norge, ca. 60 km. sør for Ålesund, 5 km frå Ørsta sentrum - retning Sæbø (Rv.655).
Koselege hytter i fint turområde mellom dei vakre Sunnmørsalpane. Familievennleg gard. I fjøset har vi hestar, sauer og høns, Kyr og kalvar, sauer, geiter, høns og fjordhestar beiter alle på garden. Det gamle tunet på garden er bevart som bygdemuseum. Kultur- og natursti nær hyttene. Prøv også den attraktive Hellevegen til Brekkesetra.
Ved Ørstafjorden har vi 2 båtar, begge på18 fot, med vindskjerm og påhengsmotor. All aktivitet på garden og bruk av hestane er gratis for hyttegjestane. Alle hyttene er vinterisolerte og har høg standard. Hyttene har dyner og puter til alle sengane, og skulle du mangle sengklede, kan du leige det av oss..
Hytte 1 (25m2) har 2 soverom,3 dyner og puter. Hytte nr 2 (20m2) 2 dyner og puter .Begge hyttene ligg på gardstunet. Ikkje innlagt vatn i hytte nr 2, der er vatn, dusj og WC i kjellaren på huset vårt.
Hyttene nr 3 og 4 (30m2) har kjøkkenkrok med "koppar og kar" til 6 personar, kjøleskap, kokeplater, kaffitraktar. 2 soverom (med 4 dyner og puter) + hems, dusj og WC i kvar hytte, TV. Peis eller vedomn.
Hytte 6 (50m2) er påbyggt og har 3 soverom, oppvaskmaskin og vaskemaskin.
Hytte nr 7 (54m2) har 2 soverom,+ stor hems.4 dyner og puter. Hytte nr 8 (70 m2) har 3 soverom, + stor hems.7dyner og puter. Begge hyttene har i tillegg oppvaskmaskin ,vaskemaskin og TV m/ parabolantenne.
Hyttene(3-8) ligg idyllisk til i skogkanten.