På garden får ein god kontakt med alle dyra.

Fjordhestane kan brukast til både riding og køyring med vogn.

Leikestativ

Fint leikeområde rundt hyttene

Sunnmørsalpane byd på mange varierte turar både sommar og vinter, også i nærområdet ved hyttene.

På fjellet bak hyttene ligg denne gamle jakthytta. Her kan ein koke kaffi, grille og ha det gøy.

 


På garden ligg også" Gamlestova", ei røykstove frå 1700- talet, som er restaurert og sett oppatt i original stand. Denne kan etter avtale nyttast av gjestane til hyggelige samkome, og på den måten oppleve gamal atmosfære med "sessing" rundt langbordet og fyr i grua.

 

Båtar ved fjorden kan nyttast til både fisking og turar.( Sommar )

Naturstiar i skogen og til jakthytte på fjellet.( familie-og barnevenleg. )

 

 

I Ørsta sentrum ligg ein av landets mest moderne bowlinghall, med 8 baner ( ny hausten2002 ).

 

Ørsta Skisenter har eit moderne skianlegg med stolheis, skitrekk og barnetrekk. Snøkanoner, lysløype for langrenn og alpint. Skisenteret ligg ca. 10 km. frå hyttene våre.( sjå linker) .

 

 

Volda Golfklubb ( 70 07 69 77 ) www.voldagolf.no

Golfbana ligg i nabokommuna Volda, avstand ca. 10 km.